VOSS IL Friidrett

Treninga onsdag 21.11
Andreas er på treningssamling denne veka. Det vert derfor fellestrening for alle frå kl. 18-19 i idrettshallen. Opplegg: Teknikktrening, spenst og styrke.

Treningssplan fram til jol
Treningane er i idrettshallen
  • Onsdag kl. 17.30-19: Løpstrening frå 13 år og eldre. Trenar er Andreas Vågen. 
    • Først løpstrening ute, deretter innetrening med teknikk/spenst/styrke   
  • Onsdag kl. 18-19: 11-12 år (frå årsklasse 2008)
    • Variert teknikk- og spenstrening (i idrettshallen) 
  • Fredag kl. 18.30-20 : Frå 13 år. Hovudvekt på teknikk- og spensttrening

Trening utover hausten/vinteren
Me startar opp trening i idrettshallen i veke 43
Onsdag: 
Kl 17.30: Løpstrening med Andreas Vågen. Alder - fødd 2006 og eldre. Treninga startar med løpstrening ute, og vert avslutta inne - så ta og med innesko.
Kl 18-19: Frå årsklasse 2008 og eldre. Variert trening i hallen med vekt på teknikk, spenst, styrke.   

Fredag:
Kl 18.30-20.00: Alder frå 2006 og eldre. Teknikktrening med spenst og styrke 

Me ynskjer nye medlemer vel møtt! 
Med betalt medlemskap i Voss IL kan du delta/trena i alle gruppene våre (nokre grupper kan ha treningsavgift).

Avslutting av utesesongen
Onsdag 3.oktober avslutta me utandørssesongen med ein 4-kamp. Resultata finn de her
Innandørstreninga startar opp kort etter haustferien. Det kjem informasjon om treningstider her på heimesida og på Facebook-sida vår. 

Avslutting av sesongen ute
Me avsluttar sesongen ute onsdag 3.oktober med ein (uhøgtidleg) mangekamp og deretter pizza i stemnehuset. Vel møtt! 

Resultat stemne 19.09
 Resultatlista frå stemnet onsdag 19.09 finn du her 

Stemne onsdag 19.september
Onsdag 19. september vert det stemne på idrettsplassen. Påmelding frå kl. 17.00. Første start kl. 17.40. Tidstabell og øvingar finn du her

Flotte resultat i ungdomsmeisterskapen
Mariell Hetlesæter Morken og Troy Brandseth Norbakk deltok i helga på ungdomsmeisterskapen i Overhalla og med imponerande resultat. 

Mariell vart ungdomsmeister i både kule med 12,65 og slegge med 46,02, og i diskos fekk ho ein flott 2.plass med 34,01. 
Troy gjorde og ein framifrå konkurranse med 4.plass i spyd, 42,32, og 6.plass i slegge med 37.65 og 7.plass i diskos med 39,73. 
Me gratulerer med resultata og innsatsen.   

Resultat stemne onsdag 29.08
 Resultata frå stemnet den 29.08 finn du her eller her

Friidrettstemne onsdag 29.08
Onsdag 29. august vert det stemne på idrettsplassen. Alle klassar frå rekrutt. Påmelding i stemnehuset frå kl. 17.00. Start 1.øving kl. 17.30. 
Øvingar og tidstabell finn du her. Vel møtt!

Fellestrening hausten 2018
Det er i haust fellestrening for aldersgruppa frå 11 år kvar måndag og onsdag frå kl. 17.00. Første gong 13.august. 
Me ynskjer nye utøvarar vel møtt. 

Treninga for rekruttar (7-10 år) kvar onsdag. Første gong 22. august.

Ulvikaleikane 2018
Me vonar mange vert med på Ulvikaleikane sundag 1.juli. Påmelding innan 27.06 på Min idrett eller til ttvilde@gmail.com/tlf 90745583. Info om øvingar finn de her. 
Ta kontakt dersom du ynskjer skyss til Ulvik.

Hardanger friidrettsfestival 16.-17.juni
Fristen for påmelding til Hardanger friidrettsfestival som vert arrangert den 16. og 17.juni, er sundag 10.juni. 
Påmelding på "Min idrett", eller ta kontakt med Robin Norbakk eller Tore Tvilde.  
Info om stemnet/øvingar her.

Resultat vossameisterskapen
Vossameisterskapen vart arrangert på idrettsplassen onsdag 6.06. Resultata frå stemnet finn du her.

Vossameisterskapen i friidrett 6.juni
Onsdag 6. juni vert vossameisterskapen arrangert på idrettsplassen. Påmelding frå kl. 16.45. Første start kl. 17.30. Info om øvingar og tidstabell finn du her.

Resultat frå friidrettstemne onsdag 9.mai
Onsdag 9. mai arrangerte me det første stemnet på bane for i år. Resultata frå stemnet finn du her.
Neste stemne på Voss er vossameisterskapen den 6.juni. 20.mai er det stemne i Vik. 

Friidrettsstemne onsdag 9.mai
Onsdag 9. mai arrangerer me stemne på idrettsplassen. Alle klassar frå rekruttar. 
Stemnet byrjar kl. 17.30. Påmelding frå kl.17.00. 
Informasjon om øvingar og tidstabell finn de her.

Vossameisterskapen i terrengløp

Vossameisterskapen vart arrangert i Prestegardsmoen onsdag 25.04 og med rundt 50 deltakarar. Resultata frå løpet finn du her.

På Facebooksida vår, Voss IL friidrett,  finn du fleire bilete frå løpet. 

Terrengløp i Prestegardsmoen
Onsdag 18.04 arrangerte me det første terrengløpet i år. Resultata frå løpet finn du her.
Neste terrengløp er vossameisterskapen onsdag 25.04. Start kl. 18.00. Påmelding på idrettsplassen frå kl. 17.00-17.40. 

Bli med og prøv friidrett
Har du lyst å prøva friidrett - enten det er løp, hopp eller kast, så er du velkomen på idrettsplassen.
Terrengløp
Onsdag 18.og 25.04. Start kl.18.00, påmelding frå kl.17. i tidtakarhuset. Det andre løpet, 25.04, er vossameisterskapen. 
Trening
  • Rekruttar (6-10): Onsdagar kl. 17-18. Første gong 2.mai (først to terrengløp)
  • Frå 11 år: Måndag og onsdag kl.17-18/18.30. Me byrjar treninga etter påske 9.april på idrettsplassen.

Open dag i idrettshallen 11.03

Sundag 11.03 frå kl. 13-16 vert det open dag i idrettshallen. Du vil då få møta og bli kjend med ulike idrettar med tilknytting til sentralidrettsanlegget. 

Bli med og prøv ut øvingar i friidrett - i både hopp, løp og kast. 

Her finn du ein infobrosjyre om friidrettstilbod  

Årsmøte i friidrettsgruppa
Årsmøte i friidrettsgruppa måndag 26.februar kl. 19.30 på lagsrommet i idrettshallen. 

Innetrening i idrettshallen
 Treninga i idrettshallen startar opp for fullt tysdag 9. januar, kl. 17.30.

Innetrening i idrettshallen
Basistreninga vart avslutta den 12.12. Frå tysdag 19.12 held me fram med trening frå kl. 17.30-19.00 med hovudvekt på spenst, styrke, hurtigheit og elles variert teknikktrening.
Me ynskjer nye medlemer vel møtt.

Utesesongen avslutta
 Me skulle avslutta utesesongen med ein uformell mangekamp. Diverre vart det høljande regnver, og etter to øvingar, liten ball og 60m, var nok alle mest ivrige etter å koma seg i hus til pizza og brus. 
Resultata som er heilt uoffisielle og ikkje kan godkjennast finn de under resultat. 

Treninga kjem til å starta opp att kort tid etter haustferien. Følg med på heimesida om tid og stad.  

Resultat 20.09
 Resultata frå stemnet den 20.september finn du under resultat i toppmenyen.

Stemne på idrettsplassen onsdag 20.09
Onsdag 20. september vert det friidrettsstemne. Start kl. 17.30. Påmelding frå kl. 17.00. Alle klassar frå rekruttar. Øvingar og tidstabell finn du her.

Kjemperesultat av Mariell i kule
 
På treningsstemnet onsdag 30.08 støytte Mariell Hetlesæter Morken heile 13.62 i kule. Ho hadde faktisk to kast på 13,62 og eitt på 13.56 - så dette var ikkje eit tilfeldig resultat.  Med dette er ho den suverent beste i landet i klassen sin - og nr. to på statistikken over dei beste gjennom alle tider i 14-årsklassen  
Resultata frå stemnet finn du under resultat i toppmenyen. 

Flotte resultat i Stordleikane
Anne Tharaldsen Danielsen og Mariell Hetlesæter Morken deltok på Stordleikane i helga. Anne vann 60m og 200m på 8.63 og 29.07. Ho vart nr 2 på 60m hekk med 10.95, og også nr 2 i lengde med 4.29. I høgde hoppa ho 1.32. 
Mariell kasta gode 12.16 i kule og vart nr 2 i både spyd og 60m, med resultata 31.02 og 9.00. 

Fellestreninga for hausten har starta opp
  • Trening rekrutter onsdag kl 17-18.
  • For aldersgruppa frå 11år vert det fellestrening måndag og onsdag kl 17-18.30  (frå 18.-18.30 vert det spesialtrening for dei som ynskjer).  
Under arkfana "Treningar" vil du finna eit rammeopplegg for treninga dei to dagane.
 
Vel møtt til trening. Nye medlemer er velkomne.  

Flotte resultat i helga
I helga var utøvarar frå laget med på Hardanger friidrettsfestival i Strandebarm og i Tyrvingleikane - og med fleire flotte resultat.
I Strandebarm sprang Olve Ure,15år, 1500m på 4,17,06. Mariell Hetlesæter Morken vann bl.a kule med heile 11.50, og Troy Brandseth Norbakk spyd med gode 37.05.
Anne Tharaldsen Danielsen deltok i Tyrvingleikane og sette fleire personlege rekordar - den beste var kanskje 60m med 8.68.
Alle resultata finn du her 

Ulvikaleikane 25.juni
BLI MED TIL ULVIK 25. JUNI
Me vonar mange vert med til Ulvik og Ulvikaleikane sundag 25.juni. Sjå lenke til øvingar. Påmelding innan 21.juni på trening eller på epost (hedan@online.no/ttvilde@gmail.no). Du kan og melda deg på gjennom Min idrett. 
Dersom veret blir brukbart, og det vert det nok, vert det grilling på stranda.
Øvingar finn du her   

Resultat vossameisterskapen
 Vossameisterskapen vart arrangert onsdag 7.06. Resultata finn du her

Flotte resultat i Framoleikane
Mariell H Morken vann både kule og slegge på gode resultat. Troy vann slegge og vart nr 2 i spyd. Anne hadde som vanleg gode resultat i fleire øvingar - den beste var nok 2. plass på 100m med den gode tida 13.60. 
Elles gjorde Daniel Dukstad ein glimranda 1500m som han vann på 4.21.56. Han sprang og ein flott 3000m. 
Sjå resultata i toppmenyen 

Vossameisterskapen i friidrett 7. juni
Onsdag 7. juni arrangerer me vossameisterskapen. Start kl. 17.30 og påmelding frå kl. 16.45. Øvingar og tidstabell finn du her

Resultata frå kastemna den 31.05 finn du i menyen under fana Resultat 

Flott innsats i kretskamp i Byrkjelo

Flott innsats av Mariell, Anne og Troy som deltok på Hordaland sitt lag som vann kretskampen for 13-14 åringar mot Sogn og Fjordane i Byrkjelo.

Resultata deira finn de under fana "Resultat". 

Komande onsdag, 31.05, vert det kaststemne på idrettsplassen frå kl. 17.00. Det vert innlagt ein 600m  i stemna. 

Neste helg går dei tradisjonelle Framoleikane på Fana stadion. Der har gruppa 7 deltakarar.  

Resultat stemne 22.05
 Resultata frå stemnet den 22.05 finn du her

Friidrettstemne måndag 22.05
Måndag 22.05 vert det arrangert stemne på idrettsplassen. Tidstabell og øvingar finn du her

Gode resultat i Karabinleikane
På det nasjonale opningsstemna  på Fana Stadion i helga vart det fleire medaljar.

Mariell Morken vann kule 14 år og vart nr 2 i slegge og diskos.

Troy Brandseth Norbakk, gutar 14, år vann spyd

Anne Tharaldsen Danielsen,  jenter 13 år,   vart nr 2 på 60m, nr. 2 på 60 m hekk  og nr 2 i lengde.  Ho vart nr. 3  på 100m og nr 3 på 80m.  

Aune Brandseth Norbakk vart nr. 6 i spyd.

Sjå resultata i toppmenyen/resultat

Kaststemne
 Måndag 15.05 vert det kaststemne frå kl. 17.15.

Vikastafett 20.mai
Den tradisjonelle Vikastafetten vert arrangert laurdag 20.mai. Me vonar i år å kunna stilla med eitt jente- og eitt gutelag - alder 11-16 år. etappane er frå 200 til 600m.
Elles er det og innlagt stemne same dagen. Sjå fana konkurransar.  

Resultat terrengløp 2017
 Resultat frå terrengløpa i 201724.04   03.05

Vossameisterskapen i terrengløp vart arrangert 3. mai i Prestegardsmoen. 

Alle såg ut til å kosa seg i det fine véret. På biletet ser de jentene i rekruttklassen som nett har fått medaljane sine. De finn fleire bilete i fotoalbumet.

Frametter vert det trening på idrettsplassen kvar måndag og onsdag for alle frå 11 år.
Rekruttane har trening kvar onsdag kl.17-18.
Alle er velkomne

Vossameisterskapen i terrengløp 3.05
Vert arrangert i Prestegardsmoen onsdag 2. mai. Påmelding i stemnehuset på idrettsplassen frå kl. 16.45-17.40. Alle klassar frå rekruttar. Meir informasjon finn du her
 
Sesongen 2017 er i gang - les under om lisens
Trening frå 11 år (2006) byrjar 19. april. Sjå "treningar" i toppmenyen". Trening for rekruttar frå 10.05.

Terrengløp: Det første av to terrengløp vert arrangert i Prestegardsmoen måndag 24.04 kl.18. 
Påmelding i arenahuset på idrettsplassen frå kl.17.00. Alle klassar frå rekrutt.
Rekrutt (5-10 år) 300m, 11-14år (600m) 15-17 år(800m), frå 18 år (1600m) 

Det neste terrengløpet vert vossameisterskapen onsdag 3.mai.  

LISENS: Frå det året du fyller 13 år må du ha lisens som er ei idrettsforsikring. I alle baneløp må du ha heilårslisens - i stemne utanfor bane kan ein kjøpa eingongslisens av arrangøren. Utan betalt lisens vil resultata dine bli strokne ved sesongslutt. I større stemne vil du heller ikkje få lov å delta. Sjå og arkfana Informasjon/terminlister
Lisens kjøper du her 

Strålande resultat i NM i terrengløp
NM i terrengløp vart arrangert i Strandebarm i helga, og dei fire utøvarane frå Voss IL oppnådde flotte resultat.
Daniel Dukstad fekk sølvmedalje i kl.15 år, og Jakob Rongve Bryne ein like imponerande bronsemedalje i kl. 17 år.
Tore Akerlie sprang inn til ein god 7.plass i juniorklassen. Elles vart Kim Laitinen, som no satsar mest på ultraløp, frå 50-100km, nr 28 i menn senior.
Me gratulerer dei alle med flotte løp. Bilete frå premiepallen finn de på framsida og Facebook. 

Ikkje trening fredag 3.mars
På grunn av førebuing til Karatefestival,får me ikkje treningstid i idrettshallen fredag 3.mars. Treninga vert difor avlyst. 

Ny leiar i friidrettsgruppa
På årsmøtet vart Helge Danielsen vald til ny leiar i friidrettsgruppa. Det nye styret finn du under fana Om gruppa. Gruppa skal konstituerast med ansvarsoppgåver på komande styremøte. Årsmeldinga kan de lesa under fana i Informasjon/årsmøte. 

Ikkje fellestrening i veke 8
 I veke 8, vinterferieveka for skulane, vert det ikkje fellestrening onsdag og fredag. Vonleg vert det flotte forhold for alternativ trening på ski.  

Flotte resultat i Pingvinleikane
Pingvinleikane, Vestlandets største innandørsstemne, vart arrangert på Leikvang den 11-12.02. Mariell Heltlesæther Morken, 14 år, og Anne Tharaldsen Danielsen, 13 år, deltok frå Voss IL, og begge oppnådde flotte resultat.
Mariell vann kule med 10.68 som var ny meisterskapsrekord i klassen. Anne deltok i heile 7 øvingar og med fleire personlege rekordar. Ho vann høgde med 1.30, vart nr 2 i lengde med 4.42, nr 3 både på 60m med 8.79, 200m med 30.00 og hekk med 11.99. I kule vart det 5.plass med 7.53. 
Her er dei i ein pause mellom øvingane. 

Ikkje trening i idrettshallen fredag 10.02
 På grunn av anna arrangement i idrettshallen må me diverre avlysa treninga fredag 10.02 kl. 14.30. 

Flotte resultat på det første stemna i år

5 av utøvarane våre, Aune, Troy, Mariell, Anne og Victoria, deltok i helga på Norna-leikane på Leikvang. Det vart mange flotte resultat og fleire personlege rekordar.
Resultata finn de under arkfana "Resultat". I fotoalbumet vil det bli lagt ut bilete frå stemna. 

Her er eit bilete av Victoria på
pallen etter 1.plass i kule.

Bli med på friidrettstreninga
 
Friidrettstreninga er godt i gang

Desse 6 utøvarane er her midt i onsdagstreninga. Dei er nett ferdige med teknikk- , start- og spensttrening. Litt kasttrening står for tur.
Me har det kjekt saman seier dei - og her er det plass til fleire. Så kom og prøv. Treningstider : Onsdagar frå kl. 15.30 på Vatle og fredagar kl. 14.30-15.30 i idrettshallen.  

Friidrettstrening i vinter
Det vert innetrening - teknikk/spenst/hurtigheit og basistrening: 
  • Onsdagar kl. 15.30-16.30 på Vatle/gymsal. Kasttrening frå ca 16.30.
  • Fredagar  kl. 14.30-15.30 i idrettshallen
Årsklasse: frå 11-16 år.  

Gode plasseringar i kretsserien 2016
Det er fleire år sidan me har sendt inn resultat til kretsserien - difor må me og starta nedst i seriesystemet. Jentene rykka i fjor opp frå 5. til 4.divisjon. I år vart dei nr. 2 og er dermed i 3.divisjon neste år.
Gutane starta i år i 5.divisjon, men med ein klar 2.plass er dei klare for 4.divisjon til neste år.
Me gratulerer med gode plasseringar i kretsserien. Resultata finn du her

Innetrening hausten 2016
Me har starta opp med innetrening på Vatle kvar onsdag kl. 16.30 - 18.00. Frå årsklasse 2006.

Kast- og hoppstemne 5.oktober
Me avsluttar utesesongen med eit kast- og hoppstemne onsdag 5.oktober. Øvingsstart kl. 16.30.

Stemne på idrettsplassen onsdag 21.september
 Me arrangerer stemne onsdag 21.september. Start kl.17.30, og påmelding frå kl. 17.00. Øvingar og tidstabell finn de i toppmenyen under "Konkurransar"

Gode resultat og plasseringar i Bergensleikane
Fire utøvarar var i helga med i Bergensleikane på Leikvang. Mariell og Troy vann både kule- spyd og sleggekonkurransen, og Anne vart nr. 2 på 60m og fekk 3.plass i lengde og på 80m. Elles hadde Aune gode resultat i rekruttklassen. Me gratulerer med flott innsats. Resultata finn de under "Resultat" i toppmenyen.   

Flotte resultat på regionale ungdomsleikar
Mariell og Troy var med på Hordaland sitt lag på dei regionale ungdomsleikane på Osterøy den 27.-28.08. Hordaland vann klart lagkampen føre Rogaland, Agder og Sogn og Fjordane.
Mariell vann kule med 12,32 og diskos med 29,79. I spyd fekk ho 2. plass med 27.03 og i slegge vart ho nr. 3 med 33,26.
Troy vann spyd med 37,49, fekk 4. plass i slegge med 23.15 og 6.plass i både diskos og kule med 23,53 og 8.42.
Me gratulerer begge med flott innsats.
Her er bilete av Hordaland sitt lag.

Friidrettsstemne onsdag 24.08
Stemnet onsdag 24.08 vart arrangert under høljande regnver. Det gjorde nok og sitt til at deltakinga  ikkje vart så stor, men dei som kom deltok med godt humør og god innsats i regnet. Resultata finn de under "Resultat" i toppmenyen.

Det er trening kvar onsdag og fredag  frå kl. 16.00. Frå 10 år (fødd 2006). Alle er velkomne til å vera med.

Treningar hausten 2016
Fellestreninga etter sommarferien startar onsdag 3.august. Sjå "Treningar" i menyen.

Aktuelle stemne i haust
Oversikt og informasjon om aktuelle stemne i haust finn du her (sjå og info/terminlister)

Flott resultat av Mariell
Me gratulerer Mariell med eit kjempeflott resultat i verdsungdomsspelen i Gøteborg. Med 2. plass og 13.04 i kule betra ho persen sin med over ein halv meter.

Ulvikaleikane 26.juni
Det er enno mogeleg å melda seg på til Ulvikaleikane sundag 26.juni. Etterpåmelding fram til fredag. Send epost til ttvilde@gmail.com eller sms til 90745583.
Øvingar finn du her

Vossameisterskapen
 Fleire gode resultat i vossameisterskapen som vart arrangert onsdag 8.juni i strålande ver. Me hadde gjerne sett at fleire hadde tatt turen til idrettsplassen - kanskje vart kvelden for fin?  Resultatlista finn du her 

Gode resultat i Framoleikane
 Mariell Hætlesæter Morken vann både kule og diskos i Framoleikane i helga og toppar no årsstatistikken i landet i sin klasse i begge øvingane.
Jakob Rongve Bryn sprang seg rett inn i landseliten blant 15 åringar ved å vinna 3000m m og bli nr 2 på 1500m. Me gratulerer!
Det var fleire vossingar med og med gode prestasjon. Resultata finn du her

Her ligg Jakob på 2.plass

Vossameisterskapen i friidrett
Onsdag 8.juni arrangerer me vossameisterskapen. Start kl. 17.30. Påmelding frå kl. 16.45. Øvingar og tidstabell finn du her

Vikastafett og Stalheimskleiva opp i helga
Jentene vann i år som i fjor Vikastafetten. Me gratulerer med flott innsats. Etter stafetten var det stemne med mange gode vossaresultat. Det beste var kanskje Mariell sitt kulestøyt på heile 12.43. Dette er så langt det beste resultat i Norge i år. På bilerta ser du Troy i spyd og Liv, June og Bjørg på 600m. Resultatlista finn du her. 

Stalheimskleiva opp vart arrangert på sundag. Lars Erik Skjervheim var berre 6 sekund frå løyperekorden til Jon Tvedt. Resultata finn du på http://www.vossoppturar.no/

Resultat frå stemna den 11.05
 Resultata frå stemna onsdag kveld finn du her.

Friidrettsstemne onsdag 11.05
Onsdag 11.05 vert det stemne på idrettsplassen. Alle klassar frå rekrutt. Påmelding frå kl. 17.00. første øving startar kl. 17.40. Øvingar og tidstabell finn du her.  

Vossameisterskapen i terrengløp
Vossameisterskapen i terrengløp vart arrangert i Prestegardsmoen onsdag 4.mai. Resultata finn du her.

Du kan sjå mange bilete frå løpet i fotoalbumet. Bileta finn du og på Facebooksida til Voss IL.

Godt med bolle og drikke etter løpet.
Treningstider
  • Onsdag og fredag frå kl. 16.00 for alle frå 10 år (2006): Hurtigheits- og teknikktrening - løp, hopp, kast. 
  • Tysdag kl. 17.30: Mellomdistansetrening, frå 14 år (2002). 

Resultat terrengløp 20.04
 Det første terrengløpet i år vart arrangert i Prestegardsmoen under fine forhold. Resultata finn de her. Diverre vart tidene frå det andre heatet sletta, så her er lista etter rekkefølge i mål (uansett klasse). 
Bli med på Vossameisterskapen i terrengløp onsdag 4.mai.

Terrengløp
Terrengløp i Prestegardsmoen onsdag 20.april kl.18.00. Alle klassar frå rekrutt. Påmelding i idrettshuset frå kl. 17.00-17.45. Sjå info her  

Trening etter påske
På grunn av kollisjonar med anna trening har  treningsdagane og tidene vore endra. No er dei endeleg fastlagde og vil frametter våren bli onsdag og fredag kl 16.00. For meSjå elles infoark om terrengløp og stemne.

Innetrening i Idrettshallen
Me er no godt i gang med innetrening i Idrettshallen kvar måndag kl. 15.15-16.30. Frå årsklasse 2005 og eldre. Alle er velkomne - bli med!.

INNETRENING
Treninga for årsklassane frå 2005 held fram i Idrettshallen. Første dag etter nyttår er måndag 5.januar kl. 15.15-16.30.

NY LAGSDRAKT TIL JOL?
OVERTREKKSDRAKT
I veke 44 og 45 kan du bestilla ny overtrekksdrakt i laget sine fargar. Du får no både jakke, bukse og tights til sterkt redusert pris.
Me har prøvemodellar i ulike storleikar på lagsrommet.
Under lenka "Info" i menyen på hovudsida til laget finn du prisar og tidspunkt for når draktene kan prøvast og bestillast. Bestilling innan 4.11.

SISTE STEMNE I ÅR VART ARRANGERT DEN 23.09
Det siste stemnet i år vart arrangert på idrettsplassen onsdag 23.09. Resultata finn du i den vedlagde lenka.
Det vert no ein pause frå organisert trening. Me skal ha styremøte i neste veke for å leggja planar for den komande sesongen.

STEMNE ONSDAG 23.SEPT. KL. 17.30
Onsdag 23.09 avsluttar me friidrettssesongen med hopp- og kaststemne og med ein 300m til slutt. Påmelding frå kl. 16.45. Stemnet startar kl. 17.30. Alle klassar frå rekrutt. For rekruttar vert øvingane: lengde, liten ball og 300m. Frå 11.år: lengde, høgde, kule, spyd, diskos og 300m.
VEL MØTT!

Funksjonærløp, Mølsterberget opp
Torsdag 17.09 arrangerer me funksjonærløp kl. 17.15.

Ikkje organisert trening torsdag 17.09
Torsdag 17.09 vert det ikkje organisert trening. Du kan sjølvsagt trena på eige hand om du vil. Grunnen er at me kl 17.15 skal arrangera funksjonærløp for Mølsterberget opp og deretter førebu løpet på fredag.

MØLSTERBERGET OPP
Bli med på Mølsterberget opp fredag 18.09. Løpet er 800m med 250 m stigning - og du vil bruka frå 10 til 15-20 min. Dei raskaste brukar vel 8 min. Det er intervallstart - med start kvart halvminutt. Les meir om løpet på www.vossoppturar.no. Her finn du og lenke til påmelding.

STEMNE ONSDAG 23.09
Stemnet me skulle hatt tysdag 15.09 er flytta til onsdag 23.09. Det vert eit hopp- og kaststemne. Øvingar: Lengde, høgde, kule, spyd, diskos og ev eventuelt tresteg. Mogeleg det vert lagt inn eitt løp. Dette vert det siste stemnet i år.

Flott innsats av Daniel Dukstad
Daniel Dukstad var i helga med på Benditleikane som er ein landsomfattande kretskamp i 13-14års klassen. På Osterøy konkurrerte Vest-Agder, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Hordaland vann kretskampen suverent, og Daniel gjorde ein flott innsats. Han sette to nye personlege rekordar. På 1500m vart han nr. 2 med den gode tida 4.50.46 og på 600m nr. 6 med tida 1.46.25.

Resultat frå treningsstemne 1.september
Det vart diverre heller få som deltok på treningsstemnet på idrettsplassen tysdag 1.sept. Det vert nytt stemne om 14 dagar - vonleg vert fleire med då. Resultata finn de i den vedlagte lenka.

Resultat frå Bergensleikane
Troy, Anne, Victoria,Christopher, Aune og Isa deltok på Bergensleikane i helga og med fleire gode resultat. Sjå resultata i den vedlagte lenka.

Stemne på Idrettsplassen tysdag 1.09
TYSDAG 1. SEPTEMBER vert det friidrettsstemne på idrettsplassen. Start kl. 17.30. Påmelding frå kl.16.45. Alle klassar frå rekrutt. Øvingar: Rekrutt: Liten ball, lengde, 60m. Frå 11 år: 60m/100m, 200m, 800m, kule, spyd, lengde.

Gneistspelen 22.-23.08
GNEISTSPELEN 22.-23.08
5 utøvarar frå Voss IL deltok på Gneistspelen i helga. - og med fleire gode plasseringar. Anne Tharaldsen Danielsen, 11 år, vann 60m og vart nr.3 i lengde, Victoria Lundarheim, 13 år, vart nr.2 i kule og 3 i lengde og 60m. Troy Brandseth Norbakk, 12 år, fekk 2. plass både i kule og spyd. Alle resultata finn de i den vedlagte lenka og under resultat. I fotoalbumet kan de sjå nokre bilete frå stemnet. I rekruttklassen deltok Aune og Isa Brandseth Norbakk.

STORDLEIKANE 14.-15.08
5 utøvarar deltok på Stordleikane i helga. Daniel Dukstad, 13 år, vann 1500m på den gode tida 4,49,37. Troy Brandseth Norbakk, 12 år, vann både både spyd og liten ball. Elles fekk Anne Tharaldsen Danielsen, 11 år, 2.plass på 60m. Sjå resultatlista i den vedlagte fila

Fri leik og lett trening
TORSDAG 20.AUGUST startar Gudmund Skjeldal opp att med leik og lett trening for 2.-4.klasse. Møt ved inngangen til friidrettsbanen kl.17.30.

TRENING FRÅ 10 ÅR kvar tysdag og torsdag kl. 17.30.

Ulvikleikane avlyst
Ulvikleikane som skulle vore arrangert den 8.august, er avlyst.

Aktuelle stemne i haust
Du finn opplysningar om aktuelle stemne i haust i den vedlagte lenka.

Friidrettstrening
Treninga etter sommarferien tek til tysdag 4.august kl.17.30. Det vert trening tysdagar og torsdagar. STEMNE I ULVIK: Laurdag 8.august vert Ulvikleikane arrangert. 
Stemneinnbjoding/øvingar i vedlagt lenke.

Våravslutning torsdag 25.juni
Me avsluttar vårsesongen torsdag kl.17.30 med ein uhøgtidleg femkamp og pizza etterpå. Treninga startar att tysdag 4.august. Laurdag 8.august er det "Ulvikleikar". Me vonar mange vert med på stemnet.

Vossameisterskapen
Vart arrangert under gode forhold. Sjå resultata i lenkja

Flotte resultat i KM på Fana stadion
3 utøvarar deltok i helga på KM i friidrett på Fana stadion med flotte resultat. Mariell Hetlesæther Morken, 12 år, fekk gullmedalje i kule og diskos. I kule oppnådde ho heile 998 poeng etter Tyrvingtabellen. Troy Brandseth Norbakk, 12 år, fekk gullmedalje i spyd og sølvmedalje både i kule og diskos og Victoria Lundarheim, 13 år, fekk bronsemedalje på 60m og 4.plass i kule. Dei hadde og gode plasseringar i andre øvingar. Sjå under resultat

Aktuelle stemne i juni
Sjå den vedlagde fila om kva stemne som er aktuelle å delta på no i juni. Kjekt om me kunne få med ein gjeng på eitt av desse stemna.

VOSSAMEISTERSKAPEN
Vert arrangert tysdag 9.juni. påmelding frå kl. 17.00. første start kl. 17.40. Sjå øvingar og tidstabell i fila vedlagt.

Gode resultat i Framoleikane
Framoleikane vart arrangert på Fana stadion i helga. 3 utøvarar frå laget deltok - alle med flotte resultat. Mariell Hetlesæther Morken vann kule J12 med 10.28m. og Daniel Dukstad vann 1500m G13 år med 4.55.14. Og Olve Ure sprang inn til ein fin 5.plass på 800m i G15 med tida 2.13.66

KM i friidrett 6.-7.juni
Stor-KM i friidrett for alle klassar frå 11år vert arrangert på Fana stadion den 6. og 7.juni. Me vonar mange frå laget vert med. Sjå info om øvingar og påmeldingsfrist under "stemneannonser" i menyen.

FLOTT INNSATS AV JENTENE I VIKASTAFETTEN
Laurdag 23.mai var det Vikastafett og opningsstemne for den nye banen i Vik. Voss IL deltok med jentelag i stafetten, og elles var det fleire deltakarar med i individuelle øvingar. I stafetten feia jentene all motstand til side og vann ein suveren siger. Her ser du bilete av dei glade vinnarane. Frå venstre Ingebjørg, Siri, Ingeborg, Marte, Jenny og Anne.

Resultat stemne tysdag 19.05
Resultata frå stemnet tysdag 19.05 finn du i lenkja. Neste stemne er vossameisterskapen den 9.juni.

Friidrettstemne tysdag 19.mai
Tysdag 19.mai vert det stemne på idrettsplassen. Påmelding frå kl 16.45. Rekruttar startar kl. 17.30. Andre klassar startar frå 17.50. Sjå øvingar og tidstabell i lenka.

17. mai og Folketoget
Me oppmodar alle, både aktive og foreldre, om å delta i folketoget på 17.mai. Fint om dei aktive som kan stiller i lagsdrakt.

RESULTAT VOSSAMEISTERSKAPEN I TERRENGLØP
Vossameisterskapen vart arrangert i Prestegardsmoen tysdag 5.05 under litt utrivelege forhold. Men innsatsen var upåklageleg, og bollar og saft gjorde godt i det sure veret. Sjå resultata i lenkja. Diverre vart resultata frå rekruttklassen "borte" i regnveret.

VOSSAMEISTERSKAPEN I TERRENGLØP
I Prestegardsmoen tysdag 5.mai
Start kl.18.00. Rekruttar startar først
Påmelding i idrettshuset frå kl.17.00-17.40.
Startkontingent: Rekr. til 19 år:Kr 30,- Frå 20år kr 40,-
Distanse: Rekruttar 300m, 11-14år 600m, 15-18år 1000m, jnr./sen./vet.:1000m eller 2000m

TRENINGAR
Frå torsdag 7.mai startar treninga kl. 17.30
Tysdag og Torsdag: Trening for alle frå 11 år
Torsdag: Rekruttrening,7-10 år, kl.17.30-18.30. Første gong 7.mai.

RESULTAT TERRENGLØP 28.04
Det første terrengløpet i år vart arrangert i Prestegardsmoen i fint vårver. Sjå resultatlista i lenkja. Neste tysdag, 5.05, arrangerer me vossameisterskapen i terrengløp.

TERRENGLØP TYSDAG 28.04
Alle klassar frå rekruttar. Start kl.18.00. Påmelding i Idrettshuset frå kl. 17.00. I lenkja finn du fleire opplysningar.

Terrengløp og treningar

Vel møtt til ny sesong - til terrengløp, treningar og stemne

NB: DET FØRSTE TERRENGLØPET VERT TYSDAG 28.APRIL.

Det vert 2 terrengløp i vår: Tysdag 28.04 og 5.05. Løpet i mai vert og vossameisterskap. Begge løpa vert arrangerte i Prestegardsmoen kl.18.00. Påmelding i Idrottshuset frå kl.17.00-17.40. Rekruttane startar først - og dei spring 300m.
Fleire opplysningar finn de før kvart løp under stemneannonsar.

TRENINGAR:For aldersgruppa frå 11 år startar utetreninga tysdag 14.april. Det vert treninga kvar tysdag og torsdag frå kl. 17.00, men ikkje trening dei dagane det er terrengløp/stemne For rekruttane vert det trening ein dag i veka (tysdag eller torsdag) med oppstart etter det siste terrengløpet (5.mai.) Meir info kjem.

Innandørstrening frå 6.januar
Vel møtt til innandørstrening i idrettshallen tysdagar frå klokka 17.00-18.00.
Alder: Født 2004 og eldre.
Me legg hovudvekt på teknikk- og spensttrening. Første gong 6.januar.

Trening i vinter
Me planla å koma i gang med trening på sprintbanen i Idrettshallen. På grunn av flaumen og vasskadar vert det ikkje mogeleg. Vonar å få treningstid i hallen etter nyttår.

Nordisk meisterskap i terrengløp
Karoline Simpson-Larsen som vart uttatt til å representera Norge i nordisk meisterskap i terrengløp i Finland, gjorde ein flott innsats. I konkurranse med løparar som var 2 år eldre sprang ho inn til ein 11.plass i den 4.5 km lange løypa. Me gratulerer.

Sesongavslutting med 5-kamp og pizza
Dermed er friidrettssesongen 2014 slutt.15 gutar og jenter avslutta tysdag utandørssesongen med 5-kamp og pizza.
Resultata frå 5-kampen finn de i menyen under resultat.

Avslutting på sesongen - tysdag 30.09
Torsdag 25.september må me avlysa treninga.
Tysdag 30.september avsluttar me utandørssesongen med lagsmeisterskap i 5-kamp. Det vert eit ganske uhøgtidleg stemne. Få med alle du kjenner som har vore med på treningar utover sesongen. Me startar til vanleg treningstid, kl. 17.30 og avsluttar med pizza på lagsrommet ca. kl.18.30-19.00

Den 4. oktober kan de vera med på Hangurslia opp (i Bavallen).

Mølsterberget opp
Fredag 19.09 arrangerer me, saman med nordisk, trimløpet Mølsterberget opp. Du kan melda deg på heilt fram til start.
Info og påmelding på vossoppturar.no.

Resultat frå stemnet 16.09
Resultata frå stemnet finn du i menyen under resultat.

Stemne på idrettsplassen tysdag 14.09.
Stemne på idrettsplassen tysdag 14.09. Øvingar frå 11 år: Lengde, høgde, kule, spyd og 600m. Rekruttar: Lengde, liten ball og 300m

Bergenslekene
Dei som vil vera med på "Bergenslekene" på Leikvang stadion (Åsane) den 20. og 21.09 finn info om stemnet under stemneannonsar i menyen.

KM i friidrett på Fana stadion
Mariell, Troy og Daniel deltok på krinmeisterskapen på Fana stadion. - og alle tre med gode resultat og medalje.
Sjå resultata i menyen.

Resultat frå stemnet tysdag 2. september
Resultat frå stemnet finn du i menyen under resultat

Stemne på idrettsplassen tysdag 2.09
Friidrettsstemne på idrettsplassen tysdag 2.09. Alle klassar frå rekrutt. Påmelding frå kl. 17.00. Start kl. 17.45.
Øvingane vert lagt ut under stemneannonser - sjå menyen.

KM i friidrett, bane
KM vert arrangert på Fana stadion i helga 29.-31.08. Øvingane dei ulike dagane finn de under stemneannonser i venstremenyen. Laget organiserer reise ned laurdag 30.08, men dei som ynskjer kan sjølvsagt også vera med dei andre dagane. Påmelding seinast 24.08. Sjå info under stemneannonser

Trening hausten 2014
Me er i gang att med fellestreninga for utøvarar frå 10 år torsdag 7.08 kl. 17.30. Deretter vert det trening kvar tysdag og torsdag.
Under stemneannonser finn de ei oversikt over aktuelle stemne utover hausten.

Ulvikaleikane avlyst
Kom i dag melding om at Ulvikaleikane den 28.06 er avlyst pga. lite påmelding.

Trening avlyst torsdag 19. juni
Grunna fleire arrangement må me diverre avlysa treninga torsdag 19.juni. For utøvarar frå 11 år vert det trening i veke 26 og 27. 

For påmelding til Ulvikleikane den 28.juni - sjå under stemneannonser i venstremenyen.

Vossameisterskapen
Vossameisterskapen vart arrangert under fine forhold og med bra deltaking i dei yngste klassane.Sjå resultata i menyen.

Vossameisterskapen
Tysdag 3.juni vert vossameisterskapen arrangert. Start kl. 17.30. Påmelding frå kl. 16.45. Informasjon om stemnet (øvingar og tidstabell m.m.) finn du i lenkja og under stemneannonsar.

Trening tysdag 20.05 - ikkje treningsstsemne
Grunna uforutsette vanskar med den elektroniske tidtakinga, og sidan det er vossameisterskap i symjing same dagen, vert det trening og ikkje treningsstemne tysdag 20.juni. På slutten av treninga vert det eit testløp på 300m. 

Vossameisterskapen
Tysdag 3.juni. arrangerer me vossameisterskapen.

Resultat vossameisterskapen i terrengløp
Resultata frå vossameisterskapen finn de i menyen under resultat.

Sjå bilete frå terrengløpet i fotoalbumet

Sjå treningstider i menyen.

Neste stemne vert 20.mai.Info om øvingar og starttider blir lagt ut midt i neste veke (veke 20).

Vossameisterskapen i terrengløp
Tysdag 6.mai vert vossameisterskapen i terrengløp arrangert i Prestegardsmoen. Alle klassar. Premie til alle til og med 11 år. Elles er det vossameistermedaljar til dei 3 beste i kvar klasse.

Påmelding i Idrettshuset frå kl.17.00-17.40. Start kl.18.00 på grassletta aust for kunstgrasbanen.

Resultat terrengløp 29.04
Tysdag 29.04 vart det første terrengløpet i år arrangert med vel 60 deltakarar. Resultat frå løpet finn du i menyen under "Resultat"

Friidrettssesongen er i gang
Friidrettssesongen er no i full gang. Tysdag 29. april er det terrengløp i Prestegardsmoen. Påmelding i idrettshuset frå kl.17.00 til 17.40. Start kl. 18.00.

Vossameisterskapen i terrengløp vart arrangert tysdag 6.mai.

Treningsdagane i år vert for årsklassane frå 11 år(fødd 2003): tysdag og torsdag kl.17.30-18.30. Rekruttar (7-10år) har trening torsdag kl.17.30.

Hopp- og kaststemne onsdag 18.09
Komande onsdag vert det arrangert hopp- og kaststemne på idrettssplassen. 
Påmelding frå kl. 17.00. Me byrjar stemnet kl.17.45. Øvingar og tidstabell finn du i lenkja.
Vel møtt!

Resultat frå stemne onsdag 4.09
Det var flotte forhold under stemna onsdag kveld, og med god deltaking i rekruttklassen. I dei aldersbestemte klassane var det nok ikkje så mange med denne gongen. Sjå resultata i lenkja.

Stemne onsdag 4.september
Det vert stemne onsdag 4.september. Påmelding frå kl. 17.00. Første start kl. 17.40. 
Sjå øvingar og tidstabell i linken over og under aktuelt.

Treningsdagar i haust
Vel møtt til trening på idrettsplassen måndag og onsdag kl.17.00. Frå 9/10 år.

Vossameisterskapen
Resultata frå vossameisterskapen finn du i lenka.

Vossameisterskapen 6.juni
Onsdag 6. juni vert vossameisterskapen arrangert på idrettsplassen. Påmelding frå kl. 17.00-17.30. Start kl. 17.40.
Øvingar: For rekruttar vert det liten ball, lengde og 60m. Frå 11år: 60m, lengde, kule, 800m. Frå 17 år også 100m og 3000m.
Vel møtt på idrettsplassen!

Friidrettstemne
Vel møtt til stemne på idrettsplassen onsdag 29.mai. Påmelding frå kl.17.00. Første start kl.17.40.
Rekruttar:liten ball, lengde, 60m. Frå 11 år: 60m (100m frå 16 år), lengde, kule, 200m og 800m.
Onsdag 5.juni vert vossameisterskapen arrangert.

Friidrettsstemne onsdag 8.mai
Onsdag 8.mai opnar me banesesongen.For rekruttane vert øvingane: liten ball, lengde, 60m og 600m for 10 år. Øvingar frå 11 år: 60m, 600m, lengde, kule. Frå 16 år også 3000m. Påmelding frå kl.17.00. Første start kl.17.40.
Det vert to banestemne til i vår: 29.mai og 5.juni(vosssameisterskapen).

Resultat terrengløp 17.04
Det første av to terrengløp vart arrangert i Prestegardsmoen onsdag 17.04. Det vart ikkje den store deltakinga, men innsatsen var god. Vonleg vert det langt fleire med neste onsdag. Då arrangerer me vossameisterskapen.
Sjå resultat i lenka.

Treningar og stemne
Trening på idrettsplassen kvar måndag og onsdag kl. 17.-18.
Onsdag 5.mai vert det stemne.

I lenka finn du resultata frå vossameisterskapen i terrengløp som vart arrangert onsdag 24.04. Rekruttane let seg ikkje stoppa av det litt sure veret. I dei aldersbestemte klassane kunne nok deltakinga vore betre.

Vossameisterskapen i terrengløp
Onsdag 24.april vert vossameisterskapen arrangert i Prestegardsmoen. Start kl.18.00 - innanfor bommen ved utandørsbassenget. Påmelding i idrettshuset frå kl.17.00-17.45. Det vert medaljar til alle i rekruttklassen, og elles medaljar til dei 3 beste i kvar klasse. Vel møtt!

Terrengløp onsdag 17.april
Vel møtt til terrengløp onsdag 17.april kl. 18.00. Påmelding i Idrettshuset frå kl.17.00. Det vert start ved bommen inn til Prestegardsmoen. Alle klassar frå rekrutt. Startkontingent kr 30,- til og med 14 år. Frå 15 år kr.40,- Neste onsdag, 24.04,vert vossameisterskapen i terrengløp arrangert. Medaljer til alle til og med 10 år. I dei aldersbestemte klassane er det vossameistermedaljer til dei 3 beste.

Vel møtt til ein ny friidrettssesong
På grunn av den lange vinteren vert det innetrening på Vatle også tysdag 9. og 16. april. Ute vonar me å kunna starta opp måndag 22.april - og då vert det trening måndagar og onsdagar kl.17.-18. Me ynskjer vel møtt til trening og konkurransar.

Årsmøte 27.02
Årsmøte i friidrettsgruppa onsdag 27.februar kl. 20.00 i idrettshuset.
Sakliste i samsvar med vedtektene.
Saker som skal handsamast på årsmøtet må vera styret i hende seinast ei veke før møtet.
Styret

Innetreninga har starta opp
Du er vel møtt til innetrening tysdagar kl 17-18 i gymsalen på Vatle vidaregåande skule. Aldersgruppe frå 10 år.

Avslutning og trening i vinter
Onsdag 3.oktober vert siste trening ute i år. Det vert lett trening og konkurransar frå 18.30 til 19.15.Etterpå går me inn i idrettshuset og et kvelds og kake.Viss foreldre har lyst til å vere med er dei hjarteleg velkomne.

Me startar opp med innetrening nokre veker etter haustferien. Følg med på nettsidene våre for nærmare informasjon om tidspunkt og kvar me skal vere.

Me takkar alle utøvarane for ein kjekk sesong og ynskjer snart velkomen til innetrening.

Med venleg helsing
Friidrettsgruppa

Friidrettsstemne onsdag 5.09
Det vert stemne på idrettplassen onsdag 5.09. Påmelding frå kl. 17.00-17.30. Start kl 17.45. Alle klassar frå rekrutt.
Øvingar: 60m, 100m, 200m hekk, 800m, lengde, høgde, kule, liten ball. For rekruttar:60m, lengde, liten ball.

Friidrettstrening hausten 2012
Måndag 20.august 2012 kl.18.30 vert fyrste trening etter ferien.
Me ynskjer nye og gamle utøvarar velkomne. Øystein og Siri

Konkurransedrakter og overtrekksdrakter
Friidrettsgruppa har på lager singlet, shorts og tights i nytt design. Fram til 12.juni tar me opp bestilling på nye overtrekksdrakter. Sjå meir informasjon og prisar i høgremargen.

Vossameisterskapen 6. juni
Onsdag 6.juni arrangerer me vossameisterskapen i friidrett. Første start kl.17.40. Påmelding frå kl. 17.00. Fint om du melder deg på i god tid før 1.øving. Øvingar blir lagt ut under stemneannonser i venstremargen

Vikjastafetten 28.mai 2012
Vik IL innbyr til Vikjastafett måndag 28.mai 2012 - sjå link.
Me stiller med jentelag og gutelag. Dersom du ynskjer å vere med kan du sende ei melding til Øystein Fjose - tlf 99435991 innan laurdag 26.mai kl.12.00.
 Det vert felles avreise frå torget på Voss måndag kl.10.45. Dersom du treng transport kan du sende ei melding om dette slik at me kan berekne nok plassar.
Ta med treningsklede og niste - dette vert kjekt!!

Resultat 21.05
Resultata frå stemnet måndag 21.05 finn du under resultat i menyen. Neste stemne vert vossameisterskapen onsdag 6.juni.

Resultat frå terrengløpa
Du finn resultat frå dei 3 terrengløpa i vår i lenkja "Resultat" i menyen.

Treningstider
Mandag 16.april 2012 startar me opp med friidrettstrening ute. Treningstider vert:
Mandag 18.30 - 19.30
Onsdag 18.30 - 19.30 Merk! dei tre fyrste onsdagane er det terrengløp istadenfor trening.

Mandag vert det ei springeøkt for dei som ynskjer.
Onsdag vert det ulike øvingar på idrettsplassen. For dei eldste vert det teknikktrening denne dagen.

Me ynskjer fleire foreldre som medhjelparar på treningane. dersom du ynskjer å bidre er det berre å stilla på treningane.

Treningsavgift for sesongen 2012 er kr.150,-

Vel møtt!!

Terrengløp
Onsdag 11.april, onsdag 18.april og onsdag 25.april vert det terrengløp i prestegardsmoen. Påmelding og betaling i idrettshuset frå kl.17.00 til 17.45. Start frå grassletta aust for kunstgrasbanen kl.18.00. 

Det vert saft og bollar til alle deltakarar etter løpet.

Vel møtt!

Friidrettstrening
Me ynskjer alle eit godt nytt år, og ynskjer vel møtt til trening utover vinteren. 

Innetrening i idrettshallen
I vinter blir det bli trening for gutar og jenter, frå 10 år, i idrettshallen kvar torsdag kl. 17-18. Me ynskjer nye utøvarar vel møtt. NB Det vert ikkje trening i NM-veka, torsdag 26.01.

Løpstrening ute
Løpstrening ute kan du bli med på måndag kl.20.00. Turen vert tilpassa etter nivå og treningstilstand. Så her kan kven som helst bli med. Møt ved utandørsbassenget.

Motbakketrening
Me har og ein "motbakkegjeng" som held eit litt høgare tempo enn dei fleste - og som plar møtast ein gong i veka. Ta kontakt for treningstider dersom du har lyst til å bli med desse.

Hangurslia opp
Motbakkeløpet Hangurslia opp vert arrangert for 18.gong laurdag 1.oktober med start kl.15.00. Påmelding for trimklasssen i Bavallstunet. Løparar i konkurranseklassane melder seg på online eller pr. epost innan fredag kl.22.00. Etterpåmelding + kr 50,-. Sjå info på www.vossoppturar.no

I år utvidar me med klasse også for 10-11 åringar.

VEL MØTT I HANGURSLIA PÅ LAURDAG!

Lagkamp i Vik og treningsstemne på idrettsplassen
Onsdag 31.august er det lagkamp mot Vik IL. i Vik. Påmelding på trening på måndag. Lagkampen er for 4.-10.klasse. Me vonar mange vert med.
Onsdag 7.september arrangerer me treningsstemne på idrettsplassen. Sjå øvingar under aktuelt i høgremargen.

Nye konkurransedrakter
Du kan få kjøpt den nye konkurransedrakta på treningskveldar. Sjå pris under aktuelt i høgremenyen

NM i motbakkeløp
Mange gode resultat i motbakke-NM i Ulvik. Kristen Skjeldal tok ein flott sølvmedalje i senior NM etter Øyvind Heiberg Sundbye. Lars Erik Skjervheim, som nyleg melde seg inn i laget, sprang vel kanskje sitt beste motbakkeløp så langt og fekk ein sterk 6.plass. Lars Erik er verkeleg motivert for å satsa frametter og kjem nok heilt sikkert til å bli ein løpar å rekna med i toppskiktet blant motbakkeløparar. Elles vart Sjur Røthe nr 12 og Kjetil Dyrvik nr 20. I kvinneklassen gjorde Rannveig Farestveit eit sterkt løp med ein god 12 plass.

NM for veteranar vart og arrangert samtidig og med fleire gode plasseringar. Resultata finn du på heimesida til "Kvasshovden opp".

Vossameisterskap og skuletrekamp
Onsdag 8.juni arrangerer me vossameisterskap i friidrett for klassane frå 11 år. Innlagt i stemnet er skuletrekamp for 6. og 7.klasse. Det vert altså ikkje rekruttklassar i vossameisterskapen.

Stemne på idrettsplassen onsdag 25.05
Påmelding frå kl. 17.00. Første start kl.17.45. Sjå øvingar i menyen.

Vikastafett - stemne på idrettspl. - nye drakter
Sundag 22.mai reiser me til Vik på den tradisjonelle "Vikastafetten". Me kjem til å delta med lag i jente- og guteklassen. Det er 8 løparar på kvart lag, og me prøver å reisa bort med 2 lag i kvar klasse.

Neste stemne på idrettsplassen er onsdag 25.mai. NB Det vert trening kl.19.00 måndag 16.mai, og sjølvsagt onsdag 18.mai.

Me har bestilt nye drakter (shorts, tights og overdel) med nytt design. Dei var først lova levert i veke 23, men no kjem dei diverre ikkje før i veke 25.

Jamn lagkamp mot Vik
Lagkampen mot Vik for årsklassane 10-13 år vart jamn, men i år som i fjor gjekk Vik av med sigeren og fekk 122 poeng mot Voss sine 104. Me får berre prøva å mobilisera og vinna i Vik til hausten. I alderslassen 14-16 hadde Vik ikkje ein einaste utøvar - så her vart det ingen lagkonkurranse denne gongen. Resultat frå stemnet finn du under lenkja "resultat" i menyen.

Lagkamp mot Vik
Onsdag 11.mai er det lagkamp mellom Voss og Vik. Og eigenleg er det to lagkampar - ein for dei som går i 4. til 7.klasse, og ein for dei som går i ungdomsskulen. I tillegg til lagkampen er det stemne for både dei som er yngre enn 10 år og dei som er over 16. Me vonar på god deltaking denne kvelden - Vik kjem med ein full buss. Tidstabell og øvingar finn de i høgremenyen.

Vossameisterskapen i terrengløp
God deltaking og mange spennande og jamne heat i vossameisterskapen i terrengløp.Sjå resultatsida.

Det andre terrengløpet i år
Vart arrangert under fine forhold og med 55 deltakarar. Resultatlista finn de lenke til i venstremenyen. Kjekt at det deltok mange rekruttar. Om ei veke, torsdag 5.05, er det vossameisterskap i terrengløp, og då vonar og trur me på langt fyldigare deltaking også i klassane frå 11år.

Terrengløp torsdag 28.04
Det andre terrengløpet i år vert arrangert i Prestegardsmoen 28.04 med start kl. 18.00. Påmedling i idrottshuset frå kl. 17.15-17.45. Resultat frå løpet den 13.04 finn de i venstremenyen under resultat.

Treningar
Vel møtt til ny friidrettssesong og til trening på idrettsplassen - måndag og onsdag kl.19.00.

Terrengløp: Det vert 3 terrengløp i vår - 13.04 og i veke 17 og 18.
Banestemne: Det første banestemnet er onsdag 11.05. I stemnet er det innlagt lagkamp mot Vik IL - då vonar me på god deltaking.

Terrengløp onsdag 13.04
Det første terrengløpet i år vert arrangert i Prestegardsmoen onsdag 13.04 kl. 18.00. Påmelding i idrottshuset frå kl. 17.15-17.45. Alle klassar frå rekrutt.

Treningsstemne 8.09, resultat
Sjå resultatlista frå friidrettsstemnet på idrettsplassen onsdag 8.09.

Flott innsats av Hilde i UM
Hilde Fenne (17) imponerete med å spurtvinna 3000m i UM i Molde sist helg. Tida vart så god som 10.14.21 som gjev heile 1001 poeng. Det gode løpet sat sikkert godt i beina, men likevel sprang ho inn til bronsemedalje på 2000m hinder dagen etter med ei sterk tid - 7.23.40. Gratulerer Hilde!

Treningsstemne onsdag 08.09

Det vert treningsstemne onsdag 8.september. Start kl.17.30. Førehandspåmelding til ttvilde@gmail.com, eller SMS til 90745582 innan tysdag. Elles er det påmelding frå kl. 16.45 på onsdag. Meld deg på i god tid før start - då kjem me raskt i gang.
Øvingar (maks.4):
Rekruttar 60m, lengde,liten ball.
Frå 11 år er øvingane spyd, høgde,60m/80m hekk,lengde(11-12), tresteg (frå 13), 200m, 800m.
Startkont.: Rekruttar til 17 år kr 10 pr øving. Frå 18 år kr 20 pr øving (maks kr 50).
Sjå tidstabell under aktuelt

KM 11-14 år
God deltaking og mange flotte resultat i KM for 11-14 år. Sjå resultat frå begge dagar i den vedlagte lenkja. Av 153 deltakarar kom heile 33 frå Voss IL, med andre ord laget med flest deltakarar - og utøvarane frå laget tok heile 17 medaljer.

Første dag av KM 11-14 år
Første dag av KM 11-14 år vart arrangert under fine forhold med mange gode resultat. Sjå resultat frå laurdagen i den vedlagte lenka.

Nytt tidsskjema KM 11-14 år
Grunna stor etterpåmelding i enkelte øvingar har me måtta justert tidsskjemaet litt i nokre øvingar. tidsskjemaet finn du i vedlagt link. Det er no påmeldt 128 utøvarar. Laurdag varer stemnet frå 12.30 til 16.00. Sundag frå 12.00 til ca 15.00.
Vel møtt på idrettsplassen i Prestegardsmoen.

Ny personleg rekord på 3000m
Maria Fjose deltok på Hardanger friidrettsfestival i Strandebarm sundag 4.juli. Ho sprang ein flott 3000m og sette ny personleg rekord med tida 10.42.73.

NM i motbakkeløp
Voss IL, saman med IL Ørnar, arrangerte i helga NM i motbakkeløp, Lønahorgi opp. Det vart eit flott arrangement i strålande løpsver. Mange vossingar stilde til start og med gode resultat. Evigunge Kristen Skjeldal tok sølvmedalje i seniorklassen. Sjå lenke til resultatliste og bilete frå løpet.

Lagkamp og vossameisterskapen.
Det var gledeleg god deltakinga på stemnet måndag kveld. I lagkampen for 4.-7.klasse vann Vik med 218 mot Voss sine 184 poeng. For 8.-10.klasse fekk Voss ein klar siger med 132 poeng mot Vik sine 55. Til hausten skal me møtast til ny dyst i Vik.

Måndag 7.juni: Vossameisterskap og lagkamp mot Vik
Måndag 7.06 opnar me den nye bana med vossameisterskap og lagkamp mot Vik. 
Vossameisterskapen er for alle årsklassar.
Lagkampen er for 10-16 år(4.-10.klasse).
4.-7.klase:Du og laget ditt får 2 poeng for kvar øving du deltek i.
8.-10. klase:Du og laget ditt får 2 poeng for kvar øving du deltek i, men 1. plass gir 5 poeng, 2.plass gir 4 poeng,
3.plass gir 3 poeng
Sjå innbjodinga til stemnet og tidstabell i lenka.

Teningsstemne torsdag 27.05
Det vert treningsstemne på idrettsplassen torsdag 27.mai kl.18.00. Alle klassar frå rekrutt.
Øvingar:
Rekruttklasse:60m, lengde, 300m
Frå 11 år: 60m, 600m, lengde, kule
Frå 17år: 3000m
Banen er pr. i dag ikkje ferdig merka. Vonleg vil arbeidet bli fullført i løpet av veka. Alt nytt utstyr vil og koma på plass i løpet av få dagar.

Måndag 7.juni vert det eit større stemne med opning av banen, lagkamp mot Vik IL og vossameisterskap.

Treningstemne 12.05
Onsdag 12.05 vert det treningsstemne på idrettsplassen med desse øvingane:
Rekruttar og 11-12år:lengde,liten ball,60m
Frå 13år: lengde,kule,60m,600m.
Jun./sen/vet.: 3000m

Vossameisterskapen i terrengløp
Vel møtt til vossameisterskapen i terrengløp måndag 3.mai.Start kl.18.00. Påmelding i Idrottshuset frå kl.17.15. Premiar til alle under 11 år. Elles er det medaljer til dei tre beste.

Oppstart innetrening
Etter nyttår startar me oppatt med friidrettstrening. Då vert friidrettstreninga innandørs i idrettshallen. Ny treningstid vert tysdagar kl 17.00-18.00. Fin trening frå ca 10 år og oppover. Fyrste trening tysdag 5. janauar. Vel møtt!

Sesongavsluttning
Friidrettsgruppa hadde sesongavslutning på Dolly Dimples 26. oktober. Kjekt så mange kom! No har me eit opphald av fellestreningar fram til me startar opp med innetrening. Me kjem tilbake med info og lysing i Hordaland om dei nye treningstidene inne når det nermar seg.

Nytt banedekke
Det nye banedekket er no ferdig. Det som gjenstår er merkinga. Me gler oss til å ta i bruk den nye bana!

SPONSORAR

AKTUELT
Jolaturn 2018
Friidrettstemne onsdag 19.09
Bestilling av lagsdrakter
Friidrettstemne 29.08
Vossameisterskapen i friidrett 6.06
Friidrettsstemne onsdag 9.05
O-løp 2 i Bømoen onsdag 16. mai
Terrengløp 18.04
Friidrettstrening
Årsmøte i hovudlaget 22.03, kl.20
Open dag i Idrettshallen 11.03
Årsmøte i turngruppa
Ledige plassar på turn 2018
Basistrening
Vossameisterskapen i friidrett 7.juni
Resultat friidrett 22.05
Friidrettstemne måndag 22.05
Vossameisterskapen i terrengløp 3.05
Bestilla overtrekksdrakt
Idrett for alle, 15-19år
Betaling av medlemskontingent
Brikke og O-drakt?

Voss IL på facebook  

 Voss IL - Grupper
 Alpint  Friidrett  Hestesport  Idrettsskulen  Nordisk  Orientering  Symjing  Tennis  Turn  Randonee

        Rediger